Den 5. og 6. oktober arrangerte vi årets Vestlandssamling i Loen. Deltakarane er kontrollutvalssekretariata på Vestlandet og i Trøndelag. Ansvaret for arrangementet går på omgang, og i år var det Sogn og Fjordane som arrangerte. SEKOM-sekretariat var såleis arrangør saman med Vest kontroll og kontrollsjefen i fylkeskommunen.

Onsdag 20. september hadde styret i SEKOm-sekretariat sitt budsjettmøte i Førde rådhus. Styret handsama også statusrapportar for 2017 både om økonomi og oppfølging av noverande arbeidsplan.

 

Her finn du møtebok og innkalling.

Arbeidsplanen for 2018 finn du her (PDF, 480 kB)

Felles kontrollutvalsmøte Eid og Selje 6.9.17

Den 1. januar 2020, går Eid og Selje kommunar saman til ein ny kommune med namnet Stad kommune. Dei to kontrollutvala hadde sitt første fellesmøte på Eid onsdag 6. september.

 

Prosjektleiar Åslaug Krogsæter informerte om status for arbeidet med kommunesamanslåing av Eid og Selje til nye Stad kommune. Prosjektbeskriving for samanslåing av kommunane Eid-Selje frå 1.1.2020 finn du her

Felles møte 24.8.17 - Førde, Gaular, Jølster, Naustdal

 

Kontrollutvala i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal hadde fellesmøte i Førde rådhus torsdag 24. august 2017.

Prosjektkoordinator Øystein Høyvik informerte både om prosessen fram til no, og arbeidet vidare mot ny kommune til 1.1.2020.

Presentasjonen frå Øystein Høyvik finn de her. (PDF, 2 MB)

Referat frå møtet finn de her. (PDF, 228 kB)

Det er vedteke fleire endringar i kommuneinndelinga som påverkar SEKOM sine eigarkommunar:

Volda og Hornindal vert nye Volda kommune

Eid og Selje vert Stad kommune

Førde, Gaular, Naustdal og Jølster vert ny kommune der namnet ikkje er klart

Flora og Vågsøy vert Kinn kommune

 

Bilde frå salen - Kontrollutvalsdagen 15.6.17

SEKOM-sekretariat, Vest Kontroll og Kontrollsjefen i fylkeskommunen var lokale arrangørar av Kontrollutvalsdagen på Skei den 15. juni. Samlinga var ein dagskonferanse med Forum for Kontroll og Tilsyn (FKT) som hovudarrangør.

 

De finn presentasjonar på FKT si side ved å følge lenka her. Vi legg også ut nokre bilete som vi tok under konferansen.

 

 

Djupdykk i kommunen.JPG

 

 

Alle dei 15 kommunane i SEKOM-området har no vedteke plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Planen er viktig for tilsyns- og kontrollarbeidet i valeperioden og vert vedtekne av kommunestyret / bystyret etter framlegg frå kontrollutvalet.

Kontrollutvalet starta sitt planarbeid rett etter nyttår 2016 med drøfting av overordna analsye frå revisor. I planane er det prioriterte prosjekt for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Du finn også meir informasjon om kva som ligg i desse begrepa, lovheimlar med meir.

 

Her finn du alle dei 15 planane samla.

 

 

SEKOM-sekretariat er med i Sekretariatforum for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Forumet har sendt uttale til NOU 2016:4, Ny kommunelov:

Styret for SEKOM-sekretariat hadde møte fredag 17. mars på Førde rådhus.

Her finn du møtebok og innkalling med sakliste til møtet.

 

Anna fare! Illustrasjon ved Jan Olav Fretland 250116.JPG

Det var veldig kjekt nær 150 deltakarar på samling for kontrollutval i Sogn og Fjordane måndag 25. januar!

   

SEKOM-sekretariat
Hafstadvegen 42 Postboks 338
6802 Førde
E-post : post@sekom.no